
Ei MAGISK oppleving
FRIrom er heilt ulikt noko anna rom eg har vore inne i. Lukta av tre skaper ei kjensle av skog og natur. Svak lyd av fuglar som kvitrar og vatn som sildrar forsterkar kjensla. Augene fokuserer på kvistane på veggen ogtranene som heng i taket. Sansane tek over, let tankane mine få kvile ei lita stund. Mitt første møte med FRIrom var ei magisk oppleving.Det einaste vindauget er plassert i taket. Det er seine kvelden dette første møtet. Eg klarer ikkje hugse om det er mørkt på himmelen, men eg har eit heilt klart bilete av stjernene som lyser og blinkar til meg. Som om dei vil seie at alt er godt. Eg ligg på ei god madrass og ei stor god pute og kjenner ein underlig fred senke seg over meg.
Når himmel er klar og mørk kan du uansett sjå stjernene, men om dei ikkje synes er taket i FRIrom dekt av mange små lysdioder som minner om stjernehimmelen.
Utsikta dette vindauget gir er alt anna enn kjedelig og aldri heilt den same. På fine dagar er himmelen blå, det seglar av og til nokre skyer forbi. På gråværsdagar ser du ikkje himmelen for berre skyer. Skyer i ulike formasjonar fyk forbi. Nokre dagar i skjønn forening med regnet som trommar på vindaget. I takt med været og tida på døgnet endrar lyset og skuggane seg inne i FRIrom slik livet også stadig er i endring.
I ei lita stund er eg tilbake i barndommen, liggande på graset, uten dei store bekymringane med blikket festa på himmelen. Skyene dansar forbi, liknar på dei merkligaste skapningar.
Ingen ser at du ligg her. Tårene kan renne fritt, du kan skrike, rope og prate utan at nokon høyrer deg, Her kan du velge å skjerme deg frå den verkelege verda ei lita stund. Her kan du drøyme deg vekk, ta ei sårt tiltrengt pause frå det som er vanskelig. Her er du trygg.
FRIrom kan nok ikkje gjere livet godt igjen, eller skru tida tilbake til den gongen då alt var bra. FRIrom kan heller ikkje ta vekk redsla og opplevinga av det som er låkt. Du må uansett kva du opplever av sorg og smerte, gå gjennom den sjølv. Men FRIrom kan vere med på å gjere sjukehusopphaldet betre ved at du kan få utløp for følelsane dine på ein trygg stad.
FRIrom (http://frirom.no/)
FRIrom er en frittstående, klimatisert paviljong på 9 kvm. FRIrom er gitt som gave til St.Olavs Hospital, til bruk for pårørende og pasienter. Prosjektet er finanisert av Gjensidigestiftelsen (www.gjensidigestiftelsen.no) og ble ferdigstillt i juni 2013.